Jan Bo Otto Ottosson () frå Högsäter i Dalsland er ein svensk, tidlegare langrennsløpar som tevla for Åsarna IK.
Ottosson vann to OL-gull i stafett, 1984 og 1988. Hans beste plasseringar individuelt i ski-VM og vinter-OL er to sjetteplassar; fyrst på 50 km under OL 1988 og sidan på 15 km under VM 1991.
Han vann eitt renn i verdscupen i langrenn, då han 14. januar 1983 sigra i ein 15 km i Reit im Winkl. Ottosson sikra seg åtte SM-titlar i tida mellom 1983 og 1994.
Ottosson vann Vasaloppet fire gongar; 1989, 1991, 1992 og 1994.
OL-medaljar Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1983: 30 km og 50 km 1985: 30 km 1988: 15 km og 50 km 1990: 15 km 1994: 50 km og 25/15 km jakstart
I perioden 1980-94 vann Åsarna IK elleve av dei femten SM-stafettane over 3x10 km. Ottosson var med på ti av dei elleve triumfane, og gjekk mange gongar i lag med langrennarar som Thomas Wassberg (7 gonger) og Torgny Mogren (5).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Ottosson» frå , den 16. juli 2012.
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994