Are Nakkim () er ein tidlegare friidrettsutøvar som representerte Moss Idrettslag. Han vann sølvmedaljen på 10000 meter i EM i friidrett 1990, og vart noregsmeister åtte gongar på til saman fire ulike distansar. Kjellaug Nakkim var mor hans, og journalisten Kyrre Nakkim ein yngre bror.

Aktiv Nakkim var Noregs beste langdistanseløpar frå midt på 1980-talet til inn i 1990-åra. Mellom 1984 og 1990 tok han åtte gull-, tre sølv- og tre bronsemedaljar i ulike NM-tevlingar, alt frå 1500 m til 10000 m og 3000 m hinder. Alle desse åra vart han noregsmeister, med unnatak for 1987 då han vart fråløpt av Truls Nygård både på 5000 m og 10000 m, samt spurtslått av Roger Gjøvaag i hinderløypa.

På 10000-meteren under EM i friidrett 1990 i Split spurtslo Nakkim italienaren Stefano Mei og spaniaren Antonio Prieto, og kom inn til sølvmedalje med tida 28.04,0, den suverene vinnaren Salvatore Antibo frå Italia klarte han ikkje å fylgje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Sølvmedalje på 10000 m

Medaljar norske meisterskap 1984: Gull på 10000 m og bronse på 3000 m hinder 1985: Gull på 3000 m hinder og bronse på 5000 m 1986: Gull både på 3000 m hinder og på 5000 m 1987: Sølv både på 5000 m, 10000 m og 3000 m hinder 1988: Gull på 5000 m 1989: Gull på 5000 m og bronse på 1500 m 1990: Gull både på 1500 m og på 5000 m

Nakkim sette norsk rekord på 10000 meter med 27.32,52 meter under Bislett Games den 14. juli 1990, ein rekord som er gjeldande i 2012.

Personlege rekordar DistanseTidÅr1500 meter 3.42,90 19865000 meter 13.19,82 198910000 meter 27.32,52 19903000 meter hinder 8.24,13 1989Maraton 2.21.59 1989

Kjelder Sporstboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Moss