Maurice Paul Auguste Charles Fabry () var ein fransk fysikar. Fabry er kjent for spektroskopiske arbeid, og spesielt for oppfinninga av Fabry–Pérots etalon, eit interferometer som vert nytta for nøyaktige avgjersler av bølgjelengder ved studiar av hyperfinstrukturar i spektrallinjer.
Han var professor ved Sorbonne og ved École Polytechnique i Paris og var president for International Council of Scientific Unions frå 1937 til 1945.
Kjelder Charles Fabry. I Store norske leksikon.
Kategori:Franske fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society