Cornelis Jan Bakker () var ein nederlandsk fysikar.
Frå 1933 til 1946 var han tilsett ved N. V. Philips i Eindhoven, før han fram til 1955 var professor i fysikk i Amsterdam og direktør for det kjernefysiske laboratoriet der. Frå 1953 var han tilknytt CERN i Genève som leiar for bygginga av synkrotronen på 30 GeV og frå 1955 som generaldirektør. Dei vitskaplege arbeida til Bakker var innanfor områda atom- og kjernefysikk. Han er spesielt kjent for eksperimentelle undersøkingar av zeemaneffekten.
Kjelder
Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske professorar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Kjernefysikarar Kategori:Folk tilknytte CERN