mini|portrett|Historisk teikning av eit dasymeter. Dasymeter (av gresk δασύς, ‘tett’ og -meter, målereiskap) er eit apparat som vert nytta til å bestemme tettleiken av ein gass ved å måle oppdrifta ein lekam får når han vert senka ned i gassen. Dasymeteret består av ein stor, tynnvegga, lukka glasbehaldar, som vert vege i gassen ein skal bestemme tettleiken av og i ein gass med kjend tettleik eller i vakuum. Dasymeteret vart først brukt av Robert Boyle for å finne tettleiken til luft.
Kjelder
«dasymeter» i Store norske leksikon.
Kategori:Måleinstrument Kategori:Laboratorieutstyr Kategori:Laboratorieglastøy Kategori:Ord av gresk opphav