Ajía Nápa (gresk Αγία Νάπα, tyrkisk Aynapa) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 4 716 innbyggjarar, mot 3 212 innbyggjarar i 2011.
Turisme
Ajía Nápa er ein av dei mest kjende turiststadene i landet. Før den tyrkiske invasjonen i 1974 var Ammókhostos (Famagusta) og Kerýnia dei to store feriebyane på øya. I åra etterpå blei turistindustrien bygd ut i området ved Ajía Nápa. Før 1974 var Ajía Nápa ein liten fiskarlandsby med nokre hundre innbyggjarar bygd rundt eit venetiansk kloster. Ajía Nápa ligg på søraustkysten av Kypros, og er kjend for sitt hektiske natteliv om sommaren. Mykje tydar på at byen også eksisterte i romersk tid. Ein finn mellom anna restar etter ein akvedukt. Namnet Ajía Nápa tyder 'Den heilage skogen i dalen'. Hovudgata Makarios III-avenyen går gjennom heile byen og ned til hamna. Her ligg dei fleste serveringsstadene og butikkane. Midt i byen ligg torget – Seferis-plassen. Sentrum i byen er fiskehamna. Her ligg det ei rekkje tavernaer.
Kjelder
Delar av denne artikkelen byggjer på «Agia Napa» frå , den 27. juli 2012.
Referansar
Ajia Napa Ajia Napa