Ida Alstad () er ein norsk handballspelar frå Trondheim, som i alle sine år som aktiv har spela for Byåsen Idrettslag. Ho har i perioden 2009-12 vunne VM-gull og -bronse, EM-gull og i 2012 OL-gull. Alstad er vanlegvis venstre rykkrom-spelar.
Aktiv Alstad var med på Byåsen sitt lag som i 2007 tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem og Kari Aalvik Grimsbø.
Alstad debuterte på Noregs landslag 23. september 2009 mot Ungarn. Ho var med i alle meisterskapstroppene til Noreg i perioden 2009-12. I sin meisterskapsdebut i 2009 vann ho bronsemedalje i VM etter norsk siger 31-24 over Spania, medan ho i 2010 vart europameister og 2011 verdsmeister, etter sigrar over høvesvis Sverige og Frankrike.
Under OL 2012 i London spela ho ein god kamp i finalen då Noreg vart olympisk meister etter siger 26-23 over Montenegro.
Til august 2012 har Alstad spela 76 landskampar og skåra 183 mål for Noreg.
Merittar VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ida Alstad» frå , den 28. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Ida Alstad - Biografi hos Norges Håndballforbund Ida Alstad – Biografi hos European Handball Federation
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Folk frå Trondheim