«The Gates of Delirium» er det første sporet på albumet Relayer, utgjeve av det engelske progressiv rock-bandet Yes i 1974. Dette er eit av bandet sine såkalla «episke verk». På den originale LP-utgjevinga utgjorde songen heile side ein med ei lengd på nesten 22 minutt. Dette var, inntil ny-utgjevinga av Tales from Topographic Oceans med den utvida versjonen av «The Revealing Science of God (Dance of the Dawn)», den lengste songen utgjeve av bandet. På konsertalbumet Yesshows finst det ein 22 minutt og 40 sekund lang versjon av songen.

Struktur Songen er lausleg basert på Leo Tolstoj-boka Krig og fred, og byrjar med eit preludium som skal illustrere samling av krigsmenn og førebuinga deira på krig. Den første vokale seksjonen underbygger dette ved at teksten er ein slags agiterande tale som skal motivere dei som skal ut i strid. Så kjem ein lengre instrumental seksjon som skal illustrere slaget. Det er her brukt metallskrap og brukte bildelar som perkusjon, i tillegg til ordinært slagverk. Tempoet er frenetisk og aggressivt, og metallet som smell mot kvarandre skal førestille lydar av sverd mot skjold og eksplosjonar. Den siste seksjonen av songen skal representere tida etter slaget er over, med sorg og ettertanke. Musikken er sørgmodig og nesten tårevåt, medan teksten fortel om krigen sin fælslege handlingar. Dette siste partiet av songen vart i redigert utgåve utgjeve i 1975 som singelen «Soon».

Konsertversjonar Heile «The Gates of Delirium» Han vart framført i heilskapen sin under alle konsertar mellom utgjevingane av albuma Relayer og Going for the One. Han vart igjen framført under «Masterworks»-turneen i 2000, då han fekk flest stemmar av publikum under ei internett-avstemming bandet gjorde for å avgjere kva for songar som skulle framførast under turneen.Forgotten Yesterdays - Masterworks-turneen Yes hadde heile songen med òg under Magnification-turneen i 2001.si%20Of%20Delirium&alltime=00/00/0000&tname=1&SortBy=tDate&so=asc&memid=0&ssub=0&graphictype=0 Forgotten Yesterdays - Magnification-turneen

Offisielle konsertopptak av «The Gates of Delirium» finst på: Yesshows, utgjeve i 1980. Innspelt i Cobo Hall, Detroit, 17. august 1976 Symphonic Live, utgjeve på DVD i 2002 og på CD i 2009. Innspelt i oktober 2001.

«Soon» Elles har berre «Soon» vorte framført under konsertane.Forgotten Yesterdays - Soon Framført som ein del av «Big Medley» under Tormato-turneen. Ein versjon finst på samleboksen The Word is Live. Under 90125-turneen. Ein kort versjon finst på 9012Live: The Solos Under Open Your Eyes-turneen i 1997. 4. april 1988 i Tokyo i Japan, 28. og 29. oktober i 1989 på Wembley Stadium i London under Big Generator-turneen. 9. april 1991 i Pensacola i Florida under Union-turneen. 6. september 1999 under The Ladder-turneen. Under 35-år jubileumsturneen i 2004. Under In the Present-turneen i 2008.

Versjonen på ny-utgjevinga frå 2003 På ny-utgjevinga finst det som «bonus-spor» eit opptak av heile songen under ei bandøving. Denne versjonen er noko kortare enn den offisielt utgjevne versjonen, og han ber preg av å faktisk vere ei øving. Det er ikkje oppgjeve nokon dato for innspelinga av denne versjonen.

Medverkande På originalinnspelinga frå 1974 medverkar: Jon Anderson: vokal og perkusjon Steve Howe: gitarer Chris Squire: bass Patrick Moraz: synthesizere Alan White: trommer og perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Gates of Delirium» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar produserte av Eddy Offord Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar skrivne av Steve Howe Kategori:Songar skrivne av Chris Squire