«Owner of a Lonely Heart» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1983 på albuma til bandet 90125. Songen er den største hitten til Yes til dags dato, og i to veker i januar 1984 toppa singelen Billboard Hot 100 i USA.Billboard Hot 100: «Owner of a Lonely Heart»s plasseringer 21. og 28. januar 1984 Songen er skriven av Trevor Rabin, Chris Squire, Jon Anderson og Trevor Horn.
Struktur Songen startar med eit gitar-riff som kan minne om eit typisk rock eller hardrockriff. Riffet blir spelt to gonger før det blir punktert av tromma, og så kjem resten av instrumenta med, og blir til songen sin hovudtema. Songen følgjer hovudsakleg standard pop-struktur, med vers, refreng og gitarsolo. På slutten av songen løyser melodilinja seg opp, og det blir avslutta med ein seksjon som gjev assosiasjonar til ein jamsession.
I følgje medkomponist Trevor Rabin vart songen opphavleg skrive som ein ballade, men produsent og medkomponist Trevor Horn vart overtalt av Jon Anderson til å få opp tempoet slik at det vart ein rockelåt. Ein demoversjon som underbygger påstanden om ein rolegare versjon finst på Rabin-albumet 90124, der songen har fått eit jazz-liknande preg.
Konsertversjonar Songen er blitt den åttande mest spelte under Yes-konsertane.Forgotten Yesterdays Under konsertane på 1980-talet var fremføringa av songen særs lik innspelinga. Under Anderson Bruford Wakeman Howe sine konsertar i 1989 fremførte Jon Anderson ein akustisk versjon som ein del av solo-settet sitt.
Offisielle konsertopptak av «Owner of a Lonely Heart» finst på: 9012Live (konsertfilm) An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe – akustisk versjon) House of Yes: Live from House of Blues Symphonic Live Songs from Tsongas (akustisk versjon) The Word Is Live Union Live In the Present – Live from Lyon
Medverkande Jon Anderson: vokal Trevor Rabin: gitar, vokal Chris Squire: bass, vokal Tony Kaye: keyboard Alan White: trommer, perkusjon Trevor Horn: vokal (ukreditert)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Owner of a Lonely Heart» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Yes – «Owner of a Lonely Heart» Musikkvideo av «Owner Of A Lonely Heart» på My80s.biz
Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar produserte av Trevor Horn Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar skrivne av Trevor Horn Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar skrivne av Trevor Rabin Kategori:Dance-rock-songar Kategori:Atco Records-singlar