Yesshows er det andre konsertalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1980. Albumet vart utgjeve kort tid etter utgjevinga av studioalbumet Drama, og består av innspelingar frå fire ulike konsertar i perioden 1976–1978. Utgjevinga vart overvaka og godkjent av bassist Chris Squire.

I likskap med det førre konsertalbumet til bandet, Yessongs, byrjar dette albumet med overturen frå Igor Stravinskijs «Eldfugl-suite». Låten «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» vart på den originale dobbelt-LP'ein delt i to, og på CD-versjonen har del ein og del to av «Ritual» framleis sitt eige spornummer.

Albumet kom på 43. plass på Billboard 200 i USA, 22. plass på UK Albums Chart i StorbritanniaUK Albums Chart: Yes – Yesshows, og på 32. plass på VG-lista topp 40 i NoregVG-lista: Yes

Sporliste CD 1 «Parallels» (Chris Squire) – 7:07 innspilt i Ahoy-Halle, Rotterdam, 24. november 1977 «Time and a Word» (Jon Anderson/David Foster) – 4:06 innspilt i Empire Pool, Wembley i London, 27. oktober 1978 «Going for the One» (Jon Anderson) – 5:22 innspilt i Festhalle, Frankfurt, 18. november 1977 «The Gates of Delirium» (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Alan White/Patrick Moraz) – 22:40 innspelt i Cobo Hall, Detroit, 17. august 1976 CD 2 «Don't Kill the Whale» (Jon Anderson/Chris Squire) – 6:50 innspelt i Empire Pool, Wembley i London, 28. oktober 1978 «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» (Del 1) (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Rick Wakeman/Alan White) – 11:48 innspilt i Cobo Hall, Detroit, 17. august 1976 «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» (Del 2) (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Rick Wakeman/Alan White) – 17:07 innspilt i Cobo Hall, Detroit, 17. august 1976 «Wondrous Stories» (Jon Anderson) – 3:54 innspilt i Ahoy-Halle, Rotterdam. 24. november 1977

Medverkande Jon Anderson: vokal Chris Squire: bass, vokal, lydmiksing Steve Howe: gitarer, vokal Patrick Moraz: keyboard (på CD 1 spor 4 og på CD 2 spor 2 og 3) Rick Wakeman: keyboard (alle andre spor) Alan White: trommer, vokal

Ny-utgjevingar 1987 – Atlantic – CD 1994 – Atlantic – CD (Remaster) 2001 – Atlantic - HDCD-utgave 2009 – Warner Bros. Japan (Remaster med bonusspor)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yesshows» frå , den 31. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002

Kategori:Yes-album Kategori:Konsertalbum frå 1980 Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Atlantic Records-album