thumb|200px|Karoline Bjerkeli Grøvdal varmar opp til Bislett Games i 2010. Karoline Bjerkeli Grøvdal () er ein norsk friidrettsutøvar frå Isfjorden i Rauma kommune. Ho vart europameister i halvmaraton under EM i friidrett 2024 i Roma, der ho også tok sølvmedaljen på 5 000 meter. Tidlegare vann ho bronse på 10 000 meter under EM i friidrett 2016 og i 3 000 meter hinder ved EM i friidrett 2018. Grøvdal er norsk rekordhaldar i 3 000 meter hinder og på 5 000 meter.
Den tidlegare langrennsløparen Håvard Bjerkeli er syskenbarnet hennar.
Aktiv Karoline Bjerkeli Grøvdal representerer Sportsklubben Vidar. Tidlegare tevla ho innan både langrenn, motbakkeløp, hinder og langdistanseløp, men har dei siste åra konsentrert seg meir om friidretten. Ho er utdanna ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Kondis.no: Karoline Bjerkeli Grøvdal - Årets løper mot nye mål
I oktober 2009 vart Bjerkeli Grøvdal kåra til årets «Rising Star» av det europeiske friidrettsforbundet etter dei to gullprestasjonane sine frå U20 EM i Novi Sad. Fleire år har Kondis gjeve henne gullskostatuettar som Årets løpar.
Etter å ha klart B-kravet til OL vart Bjerkeli Grøvdal teken ut som norsk OL-deltakar til sommar-OL 2012 i London. Dette vart avgjort under det siste OL-uttaket den 9. juli. NRK Møre og Romsdal, 09.07.12: Bjerkeli Grøvdal: -Nei, eg har ikkje landa heilt enno Her sette ho ny personleg rekord på 5000 meter, men rauk ut likevel. Nrk.no, 07.08.12: Rauk, men tok ny personleg rekord Dette var fyrste gongen Karoline deltok i OL.
Resultat (utval)
2006 – NM senior – gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.33,19 - Noregsrekord) 2006 – Junior VM i Beijing – 5.plass – 3000 meter hinder 2007 – U20 EM, Gullmedalje, 3000 meter hinder 2008 – NM i friidrett Gullmedalje – 5000 meter (tid: 16.08,22) 2009 – NM i terrengløp, Trondheim – gullmedalje – 2000 meter (tid: 6.23,2) 2009 – NM i motbakkeløp, Geiranger – gullmedalje 2009 – U20-EM i Novi Sad – Gull 5000 meter og gull på 3000 meter hinder 2009 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.52,06), 2009 – NM i terrengløp 6km Jessheim – gullmedalje 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 5000 meter (tid: 15:49.61) 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder 2010 – NM i terrengløp - gullmedalje - kort løype (2 km), stafett (2+4+2 km) og lang løype (6 km) 2011 – Lag-EM i friidrett (First League) – bronse på 5000 meter 2011 – Lag-EM i friidrett (First League) – sølv på 3000 meter hinder 2015 – EM i terrengløp 2015 – bronsemedalje 2016 – EM i terrengløp – bronsemedalje 2016 – EM i friidrett – bronse på 10.000 meter 2018 – EM i terrengløp 2018 – bronsemedalje 2021 – EM i terrengløp 2021 – gullmedalje 2022 – EM i terrengløp 2021 – gullmedalje
Under Bislett Games 16. juni 2022 sette Grøvdal norsk rekord på 5000 meter med 14.31,07 og sletta med det Ingrid Kristiansens rekord fra 1985.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Profil og resultatliste hjå Iaaf Profil hjå European Athletics
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Norske motbakkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Noreg Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024 Kategori:Folk frå Rauma