Eidøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Trollosen, mellom Eggøy i aust, Tverdarøy i sør, Hanøy i vest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing.
Øya er kring 50 hektar stor. Ho er kring 1,4 km lang og kring 600 meter på det breiaste.
Garden Garden på øya høyrde til Føyen skipreide i gammal tid, saman med Brandasundsøyane lenger vest. Garden er ikkje særskild gamal og vart truleg skyldsett som eigen gard i 1723.
Namn Namnet på øya har same opphav som naboøya Eggøy, så gardsnamnet vert stundom kalla Vestre Eggøy. Desse namna kjem truleg av at det var mykje sjøfugl som hekka på øyane og la egg her. Det noverande namnet på øya kjem av eit lågt eid som nesten delar øya i to.
Namnet har tidlegare vorte skrive Egøen, og nokre gonger Engøen.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet 2000 5 11 0
Kjelder
Kategori:Gardar på Fitjar Kategori:Fitjarøyane Kategori:Øyar i Fitjar