Moster gamle kyrkje er ei låg steinkyrkje frå fyrste halvdel 1100-talet som ligg i Mosterhamn på øya Moster i Bømlo kommune. Som eit av dei eldste kyrkjebygga i Noreg er ho ein viktig del av norsk kyrkjehistorie. Kyrkja skal vera reist på tufta til den fyrste kyrkja i landet. Denne skal Olav Tryggvason ha reist i 995, på same staden han hadde late det heidne hovet brenna. Kyrkja som står i dag kan framleis vera den eldste ståande kyrkja i Noreg. Kyrkja har to rom, skip og kor, og har omkring hundre sitjeplassar. Moster gamle kyrkje er berre i bruk til særlege tilskipingar og som kyrkje berre ved særlege høve.

Historie Olav den heilage heldt eit ting på Moster rundt 1024, der den eldste kristenretten i Noreg blei innført.

Snorre fortel at Olav Tryggvason fekk reist ei kyrkje her i 995, men dette var truleg ei trekyrkje som det ikkje er spor etter no. Bygginga av steinkyrkja som står her i dag tok til tidleg på 1100-talet, slik Nicolay Nicolaysen konkluderte i 1872 etter ei undersøking av bygningen. I 1626 blei kyrkja teikna av teologistudenten Jonas Andersson Skonevig (dvs. Skånevik) frå Sunnhordland som registrerte fornminne på oppdrag av den danske historikeren Ole Worm. Han skreiv om Moster kyrkje at ho «sigiss at være den aller elste Kircke udi All Norgis Rige, och sigiss samme Kircke att være bygd aff kong Oluff Tryggesønn». Biskop Jacob Neumann omtalte 200 år seinare Moster kyrkje som «det første Christen-Tempel i Norge...hvor Olaf Tryggvesen fo 8 Secler siden og derover plantede det christne Banner dybt i Norges Grund». Men mesteparten av kyrkjeskipet, som er oppmurt av kvaderstein, er datert til rundt 1150.Øystein Ekroll: Moster kirke (s. 18), Fortidsminneforeningen, ISBN 9788276830767

thumb|left|Interiør frå Moster gamle kyrkje.

Kyrkjebygget Kirken har kvadratisk kor og rektangulært skip. Ho har ein inngang i vestre vegg i skipet og ein i søndre vegg i koret. Murane er oppført i minst tre omgangar. Takverket blei skifta ut på 1700-talet. Kyrkja er hovudsakleg bygd av kleberstein. Klebersteinen blei truleg henta lokalt frå klebersteinsbrotet ved garden Urda på Lykling.

Utgravingar Då våpenhuset framfor vestinngangen blei rive i 1896, blei det funne eit gravkammer fylt med likkister som i staden blei gravne ned på kyrkjegarden. Kammeret ble fylt igjen. Under gravearbeid inne i kyrkja i 1954 blei det funne mange skjelett under skipet og koret. Det blei telt opp rundt 120 hovudskallar, dei fleste langs ytterveggane. Særleg innanfor vestportalen blei det funne mange barnelik, truleg nyfødde som døydde udøypte og derfor blei gravlagde her i håp om frelse.Øystein Ekroll: Moster kirke (s. 76)

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Moster gamle kirke» frå , den 25. november 2025.

Bakgrunnsstoff Om Moster gamle kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga Fortidsminneforeningen: Moster gamle kyrkje

Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Bømlo Kategori:Kyrkjer i Sunnhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Kulturminne i Bømlo