Nivkhisk eller giljakisk er eit isolert språk som blir snakka i Russland.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 4652 medlemmer av den etniske gruppa som snakkar nivkhisk, men berre 198 menneske som snakka nivkhisk. I 1989 var dei tilsvarande tala omkring 4673 medlemmer, men mindre enn ein firedel av desse hadde giljakisk som førstespråk.Ethnologue-tal frå 1989 Ei av dei viktigaste årsakene til dette er tvangsflytting av delar av folket, noko som har medført at mange har vorte isolert og dermed tek i bruk andre språk.

Dialektar

Nivkhisk er delt inn i fire dialektar, amur, nordsakhalinsk, sørsakhalinsk og austsakhalinsk. Skilnadene mellom amur og sakhalin er store.

Grammatikk

Nivkhisk er eit SOV-språk. Det har høg grad av inkorporering, eit trekk det delar med eskimoisk-aleutiske språk. Fonologi

FremreBakreurundarunda Lukka Mid Open

Konsonantar

LabialAlveolarPalatalVelarUvularGlottalNasal m n ɲ ŋ Lukkelyd aspirert pʰ tʰ cʰ kʰ qʰ uaspirert p t c k q Frikativ ustemt f s x χ hstemt v z ɣ ʁ Rullelydustemt r̥ stemt r Approksimant l j w

Nivkhisk har også ein kompleks morfofonologi, t.d. vekslar lukkelydar med kontinuantar på suffiksgrensa.

Aspirert ↔ ustemt Uaspirert ↔ stemt Lukkelyd pʰ tʰ cʰ kʰ qʰ p t c k q Kontinuant f r̥ s x χ v r z ɣ ʁ

Døme:

/pəɲx/ 'suppe' /pənraj vəɲx/ 'andesuppe' /amsp vəɲx/ 'selsuppe' men: /cxəf pəɲx/ 'bjørnesuppe' Utviklinga av nivkhisk i det nivhkiske samfunnet

Sovjetisk og russisk statistikkTabellen fram til 2002 er henta frå tysk wikipedia, som har tala frå offisiell sovjetisk og russisk statistikk. For ein introduksjon til sovjetisk statistikk over språk, sjå Trond Trosterud: Introduction to the Soviet census data presented here, artikkelen inneheld presentasjon og referanse til primærkjelder. Tala for 2010 er henta frå "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 gjev følgjande tal for utviklinga av nivkhisk

Etniske nivkhar og prosentdel av dei nivkh-talande (tala i tabellen er for den sovjetiske perioden runda av til næraste hundre) ÅrEtniskenivkharNivkhisk-talararProsent1926 4.100 4.100 100 %1959 3.700 2.800 76 %1970 4.400 2.200 50 %1979 4.400 2.100 48 %1989 4.700 1.100 23 %2002 5.162 688 13 %2010 4.652 198 4,3 %

Skriftspråk

Etter eit par forsøk på skriftfesting i 1880, fekk nivkhisk eit latinskbasert skriftspråk i 1931, i tråd med dåverande sovjetisk språkpolitikk. Det latinske alfabetet vart erstatta med kyrillisk i 1937.

А а Б б В в Г г Ӷ ӷ Ғ ғ Ӻ ӻ Д д Е е Ё ё Ж ж З з И и Й й К к К’ к’ Ӄ ӄ Ӄ’ ӄ’ Л л М м Н н Ӈ ӈ О о П п П’ п’ Р р Р̌ р̌ С с Т т Т’ т’ У у Ў ў Ф ф Х х Ӽ ӽ Ӿ ӿ Ц ц Ч ч Ч’ ч’ Ш ш Щ щ ъ Ы ы ь Э э Ю ю Я я

I den nivkhiske amur-dialekta finst også bokstavane Ӷ ӷ, Ў ў, Ч’ ч’.

Kjelder

Bibliografi

Gruzdeva, Ekaterina. 1998. Nivkh, Lincom Europa, Munich, ISBN 3-89586-039-5

Maddieson, Ian. 1984. Patterns of sounds, Cambridge University Press, ISBN 0-521-26536-3 Mattissen, Johanna. 2003. Dependent Head Synthesis in Nivkh: A Contribution to a Typology of Polysynthesis, John Benjamins, Amsterdam, Philadelphia, ISBN 1-58811-476-7

Kategori:Isolerte språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk Kategori:Paleosibirske språk