mini|Undersåker jernbanestasjon Undersåker (sørsamisk Såaka) er ein tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i Sverige. Staden hadde i 2005 eit innbyggjartal på 384 og eit areal på 0,79 km².Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB
Staden ligg rundt 80 km vest for Östersund, og er langstrekt i retning aust-vest. Det består av ein austleg del med Undersåker kyrkje («kyrkjebyen») og ein vestleg del med Undersåker jernbanestasjon (stasjonsbyen). Mellom dei to ligg Hålland med Hållandsgården.
E14 frå Östersund mot Storlien og Noreg går gjennom Undersåker. Her passerer òg Mittbanan, som er fortsetjinga til Meråkerbanen i Sverige, som blei innvigd i 1882. Tilkomst til Edsåsdalen, Trillevallen, Vålådalen, Fångåmon og Ottsjö med bil er via Undersåker. Det finst to førskular samt ein grunnskule i Undersåker.
Kjende folk frå Undersåker Richard Richardsson – olympisk sølvmedaljevinner i snowboard Lars Molin – forfattar Ove Rothoff – fleire gongar verdsmeister i whist Per Eggers – skodespelar Mårten Elfstrand – lege, professor John Hedman – professor ved Colby College. Andreas Bengtsson – professor i biomekanikk. Q Rehnberg – Den første personen i Sverige med fornamn på ein enkelt bokstav. Det blei klart etter ein rettstvist i 2009
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Undersåker» frå , den 4. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Åre kommune
Kategori:Åre kommun Kategori:tettstader i Jämtlands län