Anatolij Pavlovitsj Bondartsjuk () var ein sovjetisk/ukrainsk sleggekastar frå Starokostjantyniv i Ukraina. Han vart europmeister i sleggekast i 1969 og olympiameister i 1972.
Aktiv Bondartsjuks første store internasjonale triumf kom under EM 1969, der han sette ny verdsrekord med eit kast på 74,68 meter. To år seinare kom han på bronseplass i EM i Helsinki, knappe meteren bakom europameisteren Uwe Beyer frå Vest-Tyskland. Året etter sette Bondartsjuk ny olympisk rekord med 75,50 meter og vann sleggeøvinga under sommar-OL i München. Under EM i friidrett 1974 rauk han ut då han ikkje klarte å kaste over kvalifiseringsgrensa på 68,00 m. Han kom sterkare tilbake under OL 1976 i Montreal, der han vann bronsemedaljen bakom landsmennene Jurij Sedykh og Aleksej Spiridonov.
Meisterskapsmedaljar EM 1969 i Aten: Gullmedalje med 74,68 m framom Romuald Klim (72,74 m) EM 1971 i Helsingfors: Bronsemedalje (71,40 m) OL 1972 i München: Gullmedalje med 75,50 m framom Jochen Sachse frå Aust-Tyskland (74,96 m) EM 1974 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (66,62 m) OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje (75,48 m)
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anatolij Bondartsjuk» frå , den 5. august 2012.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske sleggekastarar Kategori:Ukrainske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976