thumb|Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam thumb|Kvam fredspark Gudbrandsdal krigsminnesamling er eit museum over hendingane i Gudbrandsdalen i den andre verdskrigen og slaget på Kringen i 1612 i den store nordiske krigen. Museet ligg på Kvam i Nord-Fron kommune og er i dag ein del av Gudbrandsdalsmusea. Samlinga er i det såkalla «Vollsfjoset» i sentrum av Kvam.
Museet opna 5. mai 1995.
Like ved museet er det minnesmerke bauta over falne i og omkomne under siste krig frå Gudbrandsdalen, Kvam fredspark. Kvam kyrkje ligg like ved museet.
Krigen 1940-1945 Museet tar for seg kampane i Gudbrandsdalen i april 1940, dagleglivet under okkupasjonen, motstandskampen og fredsvåren 1945.
Skottetoget 1612 Museet dokumenterer skottetoget med slaget på Kringen i 1612.
Bakgrunnsstoff Gudbrandsdal krigsminnesamling si heimeside Gudbrandsdal krigsminnesamling på kulturnett Ditt distrikt Foto frå museet Olavsrosa Digitalt museum
Kategori:Museum i Innlandet Kategori:Gudbrandsdalen Kategori:Museum knytt til Noreg under andre verdskrigen Kategori:Nord-Fron kommune