Sertavulpasset (tyrkisk Sertavul Geçidi) er ein fjellovergang sentralt i Taurusfjella i Tyrkia på grensa mellom provinsen Mersin og provinsen Karaman på vegen frå Konya over Karaman til kysten av Middelhavet ved Anamur og Silifke.
Landskapet kring overgangen er forskjellig frå mange av dei andre overgangane i Taurusfjella sidan han er relativt flat. Karstlandskapet er dekt av kalksteinsklipper og mange slukhol, og terrenget er generelt vegetasjonsfattig.
Servatulpasset var staden der den tysk-romerske keisar Fredrik I Barbarossa kryssa Taurusfjella under det tredje krosstoget før han drukna i elva Calycadnus (i dag Göksu) i 1190.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sertavul Pass» frå , den 7. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellovergangar i Tyrkia Kategori:Provinsen Mersin Kategori:Provinsen Karaman
en: