Veronica Campbell-Brown () er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister som spesialiserer seg på 100 meter og 200 meter samt 4 x 100 meter stafett. Ho har ein lang karriere bak seg og har vunne seks OL-medaljar så langt, tre av dei gull. I VM-samanheng har ho kome på pallen ni gonger under dei fire siste verdsmeisterskapane. Ho har vorte verdsmeister på både 100 meter og 200 meter sprint.
Olympisk karriere
Fyrste gongen Veronica Campbell deltok i OL var under sommar-OL 2000 i Sydney, 18 år gamal. Her tok ho sin fyrste OL-medalje, sølv under 4 x 100 meter stafett saman med m.a. Merlene Ottey.
Under neste OL, sommar-OL 2004 i Aten hadde Veronica Campbell fylt 24. Her kom ho til 100-metersfinalen der ho tok bronsemedalje. På 200 meter gjekk ho heilt til topps framfor amerikanske Allyson Felix, og vart olympisk meister for fyrste gong. Også det jamaicanske stafettlaget tok gull under dette OL med Veronica Campbell.
På dei nasjonale prøvane til sommar-OL 2008, greidde ikkje Campbell-Brown å kvalifisera seg til 100 meter sprint. Derimot greidde ho det på 200 meter, og tok sin andre olympiske gullmedalje på denne distansen i Beijing. Sølvet gjekk til Allyson Felix og bronsen fekk jamaicanske Kerron Stewart.
Veronica Campbell-Brown deltok også under sommar-OL 2012 i London. Her tok ho bronsemedalje på 100 meter bak amerikanske Carmelina Jeter og vinnaren Shelly Ann Fraser-Pryce frå Jamaica.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett OL 2004 i Aten: Gullmedalje på 200 m og i stafett, bronse på 100 m VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje på 100 m og i stafett, nr 4 på 200 m VM 2007 i Osaka: Gullmedalje på 100 m, sølv på 200 m og i stafett OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 200 m – 21,74, framom Allyson Felix (21,93 m) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje på 200 m, nr 4 på 100 m VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 200 m, sølv på 100 m og i stafett OL 2012 i London: Sølvmedalje i stafett, bronsemedalje på 200, nr 4 på 100 m VM 2015 i Beijing: Gull i stafett, bronsemedalje på 200 m, nr 4 på 100 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølv i 4 x 100 m stafett, utslått i forsøka på 200 m (22,97 =nr 27)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Veronica Campbell-Brown» frå , den 9. august 2012.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016