mini|Ceyhan frå kjelda til Middelhavet Ceyhan Nehri (eller i antikken Pyramos) er ei elv i Anatolia sør i Tyrkia eller Vesleasia, nær grensa mot Syria. Ho har utspringet sitt i Taurusfjella i nærleiken av byen Elbistan, og har ei samla lengd på 509 km til utløpet i Iskenderunbukta i Middelhavet, der ho dannar eit stort delta.

Dei viktigaste sideelvane er Söğütlü, Hurman, Göksun, Mağara Gözü og Aksu. Fleire stader er Ceyhan oppdemt for vasskraftproduksjon.

Ceyhan hadde i antikken det greske namnet Pyramos (hetittisk: Puratti), og var ei av dei viktigaste elvane i Kilikia.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ceyhan (elv)» frå , den 12. august 2012.

Kategori:Kilikia Kategori:Elvar i Tyrkia