2003 (romartal MMIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 1. februar: Romferja Columbia brann opp då ho kom inn i jordatmosfæren over Texas. Dei sju astronautane om bord døydde. Mars: Sjukdommen SARS spreidde seg i ei rekkje land. 20. mars: USA invaderte Irak. 12. mai: Ein sjølvmordsbilbombar drap minst 60 menneske i eit regjeringsområde nord i Tsjetsjenia. Bombe- og skyteåtak på utlendingsbustader i Riyadh i Saudi-Arabia drap 26 og skada over 160. Al-Qaeda stod bak aksjonen. 14. mai: Ein sjølvmordsbombar i Tsjetsjenia drap minst 18 menneske då ho utløyste ei bombe rundt livet i ein folkemengd av muslimske pilegrimar. 17. mai: Fleire sjølvmordsbombarar frå Salafia Jihadia drap 33 og såra over 100 i Casablanca i Marokko 26. september: Den japanske øya Hokkaido blei ramma av fleire jordskjelv, det største målt til 8,0 på Richterskalaen. 40 000 menneske blei evakuert.

Noreg 27. februar: Odda Smelteverk blei erklært konkurs.

Fødde 29. april: Maud Angelica Behn, dotter av prinsesse Märtha Louise

Døde mini|Forfattaren Axel Jensen døydde 13. februar

12. januar: Leopoldo Galtieri, argentinsk diktator Maurice Gibb, britisk musikar (Bee Gees) 24. januar: Rolf Kirkvaag, norsk TV-person 13. februar: Axel Jensen, norsk forfattar 12. mars: Zoran Djindjic, serbisk statsminister 29. mars: Herbjørn Sørebø, norsk TV-person 12. juni: Gregory Peck, amerikansk filmskodespelar 29. juni: Katharine Hepburn, amerikansk skodespelar 4. august: Pål Arne Fagernes, norsk idrettsutøvar 12. august: Håkon Kyllingmark, norsk samferdselsminister 16. august: Idi Amin, ugandisk diktator 8. september: Leni Riefenstahl, tysk filmregissør 11. september: Anna Lindh, svensk utanriksminister (drepen) 12. september: Johnny Cash, USA-amerikansk musikar 21. oktober: Elliott Smith, USA-amerikansk musikar og låtskrivar 12. desember: Heydər Əliyev, president i Aserbajdsjan 22. desember: Joe Strummer, britisk musikar (The Clash)