Acıgöl (tyder «den bitre innsjøen» på tyrkisk) er ein innsjø i indre område av Egearregionen i Tyrkia, i eit lukka tilsigsområde mellom provinsen Denizli, provinsen Afyonkarahisar og provinsen Burdur. Vassnivået varierer stort gjennom året med 100 km² om våren og 35 km² seint på sommaren. Den største djupna er berre 1,63 emter. Innsjøen er kjend for innhaldet av natriumsulfat som vert nytta i industrien og den største kommersielle produksjonen av natriumsulfat i Tyrkia føregår her. Han ligg 60 km aust for byen Denizli. Kring insjøen ligg frå vest til aust Bozkurt, Çardak, Dazkırı og Başmakçı.

Innsjøen ligg 836 meter over havet og får hovudsakleg vatn frå kjelder rike på sulfat som kjem ut frå ei forkasting på sørsida. Det er estimert at innsjøen inneheld 12,5 millionar tonn natriumsulfat i overflata og i saltlake under overflata er reservane kanskje så mykje som 70 millionar tonn eller meir. Den årlege produksjonen seint i 1990-åra var 100 000 tonn operert av private selskap. ted by private sector companies.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Acıgöl» frå , den 13. august 2012. oppgav desse kjeldene: (limited preview of section on Lake Acıgöl)

Kategori:Innsjøar i Tyrkia Kategori:Provinsen Afyonkarahisar Kategori:Provinsen Denizli Kategori:Provinsen Burdur