thumb|Elektroskop thumb|Eit multimeter innstilt for spenningsmåling. Eit voltmeter er eit apparat som vert nytta til å måle elektrisk spenning.

Dei viktigaste typane er dreiespolevoltmeter, som består av eit kjensleg amperemeter (mA- eller μA-meter) med stor seriemotstand, elektrostatisk voltmeter, der spenningen vert målt ved den elektriske kraftverknaden mellom eit rørleg og eit fast elektrodesett, forsterkarvoltmeter med elektronrøyr- eller transistorforsterkar kopla til eit viserinstrument digitalvoltmeter, der spenningen som skal målast, blir avtasta (sampla) periodisk av ein elektronisk styrt krins, og verdien omdanna til ein tilsvarande talstorleik i ein analog-digital omformar. Verdien kan lesast av på eit taltablå (display), eller kan lagrast i eit digitalt minne for seinare utlesing.

Kjelder voltmeter. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/voltmeter

Kategori:Elektriske måleinstrument