Provinsen Muğla (tyrkisk Muğla ili) er ein provins i Tyrkia, heilt sørvest i landet ved kysten av Egearhavet. Setet i provinsen er Muğla, kring 20 km frå kysten, medan somme av dei største feriebyane i Tyrkia, som Bodrum, Ölüdeniz, Marmaris og Fethiye, ligg ved kysten av Muğla.
Med ei kystlinje på 1100 km er kysten til Muğla den lengste av alle provinsane i Tyrkia, og lengre enn mange andre land sine kystlinjern. Dette kjem av mange viker og halvøyar.
Hovudnæringane i Muğla er turisme ved kysten, jordbruk, skogbruk og marmorbryting. thumb|280px|Kysten av provinsen Muğla (nær Dalaman).
Distrikt Provinsen Muğla er delt inn i 12 distrikt (hovuddistriktet er utheva): Bodrum Dalaman Datça Fethiye Kavaklıdere Köyceğiz Marmaris Milas Muğla Ortaca Ula Yatağan
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muğla Province» frå , den 18. august 2012.
Bakgrunnsstoff Muğla guvernør si offisielle side Muğla kommune si offisille side
*