Eivind Osnes () er ein norsk fysikar. Osnes er professor i kjernefysikk og var instituttleiar ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo fram til år 2009.

Osnes er dr. philos. frå UiO i 1966, og disputerte med avhandlinga «Shell model calculations in calcium isotopes». Etter å ha vore postdoc ved blant anna Nordisk Institut for Teoretisk Atomfysik i UiO og State University of New York vart Osnes dosent ved Universitetet i Oslo i 1977, før han vart professor i 1985. Osnes har gjeve viktige bidrag innanfor teoretisk kjernefysikk, særleg til forståinga av strukturen til atomkjernen.

Osnes var formann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap i perioden 1992-2000. Han var leiar for leiar for Teknologirådet frå 1999 til 2007, president i Norsk Fysisk Selskap frå 1979 til 1990, og har òg sete i styret i Det Norske Videnskaps-Akademi og i ei lang rekkje andre andre styre og utval. I 2001 var han kandidat i rektorvalet ved UiO.

I 2008 fekk Osnes Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eivind Osnes» frå , den 19. august 2012.

Bakgrunnsstoff

Osnes sine nettsider ved UiO Portrett i Forskning Kongens gull til Eivind Osnes, Fylkesmann Hans J. Røsjordes tale til Osnes 4. september 2008

Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Norske fysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN