thumb|Orgelet i Århus domkyrkje med original fasade av Lambert Daniel Kastens frå 1728-1730. TH. Frobenius og Sønner Orgelbyggeri A/S (Frobenius Orgelbyggeri), er eit dansk føretak som byggjer pipeorgel. Føretaket har hovudsete i Kongens Lyngby. Det vart skipa i 1909.
Frobenius har bygd meir enn 1000 orgel. Av dei store oppdraga i Danmark finn ein mellom anna orgelet i Århus domkyrkje, Danmarks største kyrkjeorgel. Fleire av orgelfasadane er bygd i samarbeid med kjende arkitektar, til dømes Henning Larsen og Inger og Johannes Exner.
I Noreg har dei levert orgel til mellom anna Hareid kyrkje, Tønsberg domkyrkje og Sankt Jacob kyrkje i Bergen.
Kjelder Offisiell nettstad Syv danske orgelbyggere frå Den Danske Orgelregistrant / Nationalmuseet
Kategori:Danske føretak Kategori:Skipingar i 1909 Kategori:Orgelbyggjarar