Eskişehir (latinsk Dorylaeum; gammalgresk Δορύλαιον, Dorýlaion) er ein by nordvest i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Eskişehir. Byen har 648 396 innbyggjarar.http://www.tuik.gov.tr Han ligg ved breidda av Porsuk, 792 meter over havet, ovanom den frodige Frygiadalen. I dei nærliggande åsane finn ein varmekjelder. Eskişehir ligg 233 km vest for Ankara, 330 km søraust for Istanbul og 78 km nordaust for Kütahya. Han er kjend som ein universitetsby og både Eskişehir Osmangazi universitet og Anadolu universitet ligg i Eskişehir.
Klima Eskişehir har eit kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar med ein middeltemperatur på 0 °C og varme, tørre somrar med ein middeltemperatur på 30 °C. Det kjem mest regn om våren og hausten. I Köppen si klimaklassifisering har Eskişehir eit halvtørt klima (Köppen BSk). På grunn av høgda har Eskişehir tørre somrar med kjølige netter. Nedbørmengdene er låge, men ein kan få nedbør året rundt.
Historie Namnet Eskişehir tyder direkte omsett «gammal by» på tyrkisk. Byen vart grunnlagt av frygarane. Mange frygiske gjenstandar og skulpturar finst enno i det arkeologiske museet til byen. På 300-talet vart byen flytta ca. ti km nordaust, frå Karacahisar til Şehirhöyük.
Når det vart nemnt av gamle geografar, vart byen skildra som ein av dei venaste i Anatolia.
Utdanning Det finst to universitet i Eskişehir. Desse er Anadolu universitet og Eskişehir Osmangazi universitet. Borgarmeisteren Yılmaz Büyükerşein har vore rektor på Anadolu universitet.
Sport + Klubb Sport Stiftet Liga HjemmebaneEskişehirsporFotball1965Turkcell Super LeagueEskişehir Atatürk stadionAnadolu University Basketball?Turkish Basketball League 2Anadolu University Sports Hall Kjende innbyggjarar Battal Gazi - muslimsk helgen frå 700-talet, som er gravlagd i Seyitgazi Yunus Emre - tyrkisk folkepoet frå 1200-talet Sheik Edebali - religiøs leiar og andeleg grunnleggjar av Det osmanske riket Nasreddin Hoca - filosof frå 1200-talet Behiç Erkin - første direktøren (1920-1926) av den tyrkiske jarnbana, minister for offentlege arbeid (1926-1928), tyrkisk ambassadør (Budapest 1928-1939, Paris og Vichy 1939-1943) Yakup Satar - siste tyrkiske veteranen frå første verdskrigen Orhan Oguz - frofessor, grunnleggjar og første rektoren på Marmara universitet Fahrettin Kerim Gökay - professor, tidlegare borgarmeister i Istanbul (1949-1957), tidlegare tyrkisk ambassadør (Bern) og tidlegare statsminister Yilmaz Büyükerşein - professor, ordførar Eskişehir, Reporter, spaltist, karikaturtegner, redaktør, tidlegare rektor ved Anadolu University, tidlegare medlem av RTYK, Professional Wax Sculptor Cüneyt Arkin - skodespelar og lækjr Eqrem Çabej - lingvist Serpil Çakmaklı - skodespelar Melis Birkan - skodespelar Zeki Sezer - tidlegare leiar av Det demokratiske Venstrepartiet DSP, kjemiingeniør, Minister of State (57nde regjeringa) Hasan Polatkan - politikar Mehmet Terzi - langdistanseløper Ömer Çatkıç - fotballspelar Neslihan Demir - volleyballspelar Ipek Şenoğlu - tennisspelar Ersan İlyasova - basketballspelar Kerem Gönlüm - basketballspelar Emin Boztepe - kampidrettsutøvar Mithat Körler - artist Asya - artist Ertugrul Algan - universitetslektor, fotograf, forfattar Nazmi Agil - førelesar, poet Nur Ipek Vonde - forfattar Tuna Kiremitçi - forfattar, spaltist, komponist Enis Batur - forfattar, foredragsholder Nuri Alco - skodespelar
Venskapsbyar
Paju i Sør-Korea Kazan i Russland Changzhou i Kina Simferopol i Ukraina Berlin i Tyskland Chișinău i Moldova Paterson i USA Linz i Austerrike
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eskişehir» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Eskişehir Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk