Elazığ (armensk Խարբերդ; Kh'arberd/Harput, kurdisk Xarpêt) er ein by i Aust-Anatolia i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Elazığ. Han har kring 330 000 innbyggjarar og ligg på ei slette 1067 meter over havet. Byen ligger i nærheten av Kebandemningen i Eufrat.
Byen er eit knutepunkt for samferdsel og driv handel med jordbruksvarer og produksjon av vin. Det ligg eit arkeologisk og etnografisk museum i byen. Byen har eit universitetet frå 1975.
Byen vart grunnlagd i 1862 som garnisonsby kalla Marmuret el-Aziz. Elazığ utvikla seg opphavleg som ei utviding av den historiske byen Harput, som låg på ein ås og som var vanskeleg å nå om vinteren.
Klima Elazığ har kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa) med kalde og snørike vintrar og varme og tørre somrar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elazığ» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Elâzığ