Gebze (i antikken Dakibyza og Libyssa) er ein industriby i provinsen Kocaeli i Tyrkia. Han ligg 50 km aust for Istanbul på nordsuda av Marmarahavet. Gebze har opplevd ein rask vekst dei siste åra og har nær dobla folketalet dei siste tjue åra. Gebze står for 15 % av den tyrkiske industriproduksjonen.

Brua over Izmitbukta endar ved byen og vil ha det nest lengste hovudspennet i verda med 1688 meter. I Gebze ligg Mustafa pasjas moské, bygd av arkitekten Sinan, og grava til den kartagiske hærføraren Hannibal. Hannibal gjorde sjølvmord i den antikke byen Libyssa i 182 fvt. framfor å bli fanga av romarane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gebze» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Gebze kommune

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Kocaeli