Edvard Langset (), òg kjend under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein norsk forfattar, lærar og folkeminnesamlar. Frå 1917 var Langset statsstipendiat.
Liv Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i Straumsnes (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han vart gift med Marta Lyngstad, og dei fekk 3 born. Edvard Langset døydde den 12. mai 1924.
Verk Edvard Langset tok lærarutdanning på Klæbu seminar 1889-91, og arbeidde deretter som lærar i Bjugn eitt eller to år, i Hemne 1893-1906, i Frei 1906-1916 og i heimbygda frå 1916. Han var elev på Askov folkehøjskole 1899-1900 og følgde førelesingar i folkeminnevitskap i åra etter.
Han var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917. Langset var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid. I 1948, 24 år etter at han døydde kom bok nummer 14, basert på delar av det omfattande innsamlingsarbeidet han gjorde.
Langset var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917.
Verkliste
Forteljingar (romanar og noveller) 1901 – Fred paa jordi : forteljing. Fosna, 1901. (23 s.)BIBSYS 1902 – Fem Kvinnor : Forteljingar Kristianssund : Tvedte, 1902. (95 s.)BIBSYS 1904 – Ein Uppfinnar : Forteljing. Kristiansund : John Johnsen Bog- og Aksidenstrykkeri, 1904. (123 s.; «Romsdalsposten’s Følgeton»)BIBSYS 1908 – Fridomsstrid : forteljingar. Fosna, 1908. (57 s.)BIBSYS 1908 – Menneskjor : forteljing. Fosna, 1908. (209 s.)BIBSYS 1914 – Far : forteljingar. Nidaros, 1914. (39+9 s.)BIBSYS 1923 – Ola Vonheim (pseud.): Gamle minne : forteljingar. Fosna, 1923. (45 s.)BIBSYS
Skodespel 1905 – Ein bondegut i Oslo : spelstykke. Fosna, 1905. (46 s.)BIBSYS 1908 – Dronning Gyda : spelstykke i fire vendingar. Fosna : Marie Normanns efg., 1908. (134 s.)BIBSYS 1915 – Ola Vonheim (pseud.): Naar kulturen skal bergast : spel i tri vendingar. Nidaros, 1915. (49 s.)BIBSYS
Folkeminne 1910 – Fraa Nordmør : eventyr, segner og gamle lækjeraader. Fosna [Kristiansund] : Marie Normans eftf., 1910. (43 s.)BIBSYS 1915–18 – Norsk folkedikting for born. Fosna : [E. Langset], 1915-1918. (2 hf.)BIBSYS 1921 – Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)BIBSYS 1948 – Segner, gåter, folketru frå Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 61) Oslo, 1948. (186 s.; red. av Reidar Th. Christiansen)BIBSYS
Kjelder Langset, Edvard: Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)BIBSYS Søk: «Langset, Edvard» på Bibsys
Referansar
Bakgrunnsstoff Edvard Langset: Folke-eventyr frå Nordmør — nettutgåve frå Alnakka.net Edvard Langset: «Dei tri havmenn, og andre folkeminne fra Ørland, Bjugn og Stjørna» — nettutgåve ved Yrjar heimbygdslag i Ørland kommune Bøker av Edvard Langset digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Folk frå Tingvoll kategori:Statsstipendiatar