Rize (gresk Ριζούντα, Rizounda) er administrasjonssenter i provinsen Rize nordaust i Tyrkia ved kysten av Svartehavet. Byen har kring 95 000 innbyggjarar (2009)
Rize er eit senter for tedyrking i området.
Klima Rize har ei blanding av maritimt og fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb/Cfa) med varme somrar og kjølige vintrar. Snøfall er forholdsvis vanleg mellom desember og mars. Rize og den austlege delen av svartehavskysten har mest nedbør i heile Vest-Asia med ein årleg normalnedbør på 2500 mm. Det kjem mest nedbør seint på hausten. Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8 og 20 °C gjennom året.
<div style="width:70%">
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rize» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Rize Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Svartehavet Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia