Arbeidstilsynet er ein norsk statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det har i oppgåve å rettleie om og sjå etter at private og offentlege verksemder vernar om helsa, tryggleiken og miljøet til arbeidarane igjennom føresegnene i arbeidsmiljølova, lønnsgarantilova, ferielova og somme av føresegnene i tobakkskadelova.

Oppgåver Arbeidstilsynet fører tilsyn hjå verksemder i Noreg og kontrollerer om dei følgjer det norske regelverket ved å utføre kontroll og undersøkingar. Arbeidstilsynet har til eikor tid uhindra tilgang til einkvan stad som vert omfatta av lova.

Koordinering Arbeidstilsynet fungerer som ein koordinerande etat for tilsynsetatane med tilsynsansvar til lands. Arbeidstilsynet koordinerer: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) Mattilsynet Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) Petroleumstilsynet (Ptil) Miljødirektoratet Statens helsetilsyn Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)

Historie Arbeidstilsynet har opphavet sitt i Fabrikktilsynet, som vart oppretta som eit kommunalt forvaltingsorgan i 1893. Det vart vidareført som Sjefsinspektoratet for arbeidstilsynet frå 1914.

Kontor Etaten er organisert med eit direktorat i Trondheim, Direktoratet for arbeidstilsynet, og under dette sju regionkontor med lokale tilsynskontor under dei, slik at heile landet er dekt. Regionkontora ligg i Oslo, Moss, Hamar, Skien, Bergen, Trondheim og Finnsnes.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Arbeidsliv i Noreg