Osmancık er eit distrikt i provinsen Çorum i Svartehavsregionen i Tyrkia, 59 km nord for byen Çorum. Byen har kring 25 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved ein stad der det i antikken var mogeleg å krysse elva Kızılırmak langs Silkevegen.
I dag er Osmancık kjend for risproduksjonen.
Den nordanatoliske forkastinga går gjennom dalen og Osmancık er særleg utsett for jordskjelv.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Osmancık» frå , den 28. august 2012.
Kategori:Busetnader i provinsen Çorum Kategori:Byar i Tyrkia