Ernst Willy Larsen () var ein norsk friidrettsutøvar frå Ranheim og arbeidar på Ranheim Papirfabrikk. Han vann bronsemedaljen på 3 000 meter hinder både under EM 1954 og under Sommar-OL 1956. Larsen, med kallenamnet «Kruska», vann åtte norske meisterskap på bane (fem på 3 000 m hinder, to på 5 000 m og eitt på 10 000 m), samt fire i 3 km terrengløp. Han vart tildelt kongepokalen for 1957 etter gullmedaljar i hinderløp og terrengløp. Larsen var medlem av SK Wing fram til 1952, sidan av Ranheim Idrettslag.
Aktiv Larsen vann sine fyrste NM-medaljar i Bergen i 1950. Han vann sølv både på 5 000 m og på 3 000 m hinder, i hindertevlinga fekk han og vinnaren Alv Kveberg same tid; 9.30,2. Året etter vart han noregsmeister for fyrste gong og sette sin fyrste norgesrekord, då han på 3 000 m hinder kom i mål på tida 9.14,6 og distanserte dei andre medaljevinnarane. Etter eitt års pause kom han tilbake i 1953, vart då slått av Hallgeir Brenden i hinderløpet.
I juli 1954 sprang Larsen den norske rekorden på 3 000 m hinder ned under 9 minuttar; 8.59,2 under eit stemne på Bislett stadion. Tolv dagar seinare forbetra han rekorden med to sekundar og viste god form framfor europameisterskapen i Bern. Larsen deltok der i sitt fyrste store meisterskap og gjorde eit kjempeløp på 3 000 m hinder. Sándor Rozsnyói frå Ungarn, som sette ny verdsrekord, makta han ikkje å fylgje til målstreken, men Larsen og finske Olavi Rinteenpää kjempa drabeleg om sølvmedaljen. Finnen slo Larsen med åtte tidels sekundar, men Larsens 8.53,2 sikra bronsemedalje og ny norsk rekord.
Under noregsmeisterskapen 1955 vart Larsen dobbelmeister for fyrste gong, i hinder var han suveren med tida 8.50,6, medan han på 5 000 spurtslo lagkameraten Øystein Saksvik og kom i mål på tida 14.14,0, ny norsk rekord.
1956 og sommar-OL i Melbourne I OL-sesongen 1956 sette Larsen norsk rekord på 3 000 m hinder på 8.45,4 ei veke føre NM i august, og under NM forbetra han rekorden til 8.42,6. Knappe tre veker deretter presterte han sitt livs snøggaste hinderløp, då han kom i mål på 8.42,4 heime i Trondheim og sette ein norsk rekord som stod i ti år. I oktober månad tok han tilbake noregsrekorden på 5 000 m då han oppnådde tida 14.07,4 under ein friidrettslandskamp i Bucuresti. Alle desse løpa viste at Larsen var mellom dei fremste medaljekandidatane på 3 000 m hinder i sommar-OL 1956 i Melbourne.
Larsen sprang i det fyrste av to kvalifiseringsheat i Melbourne. Her møtte han verdsrekordhaldaren Sándor Rozsnyói, som i september hadde forbetra rekorden med over fire sekundar til 8.35,6. Rozsnyói vann løpet på 8.46,6, medan Larsen vart tredjemann på 8.46.8, fem mann i feltet gjekk vidare til finalen.
Ti mann var kvalifisert til finalen, ein av desse, polske Zdzisław Krzyszkowiak møtte ikkje. Briten John Disley tok føringa, men ved fyrste vassgravpassering gjekk Larsen i teten og leia dei neste seks rundane med «mellom 10 og 14 meter». Vel 400 meter før mål ville briten Chris Brasher gå forbi leiaande Semjon Rjisjtsjin frå Sovjetunionen og pressa då ut Ernst Larsen som sprang jamsides i den andre løpebanen. Larsen kom litt ut av balanse, og «svingdommeren hevet flagget». Brasher storma i mål på tida 8.41,2, medan Sándor Rozsnyói sprang forbi Larsen i oppløpet. Tidene på dei to vart høvesvis 8.43,6 og 8.44,0. Få minuttar seinare vart dei to sistnemnde proklamert som gull- og sølvmedalevinnarar, Brasher var diska. Brasher klaga på avgjerda og vart tilkjend gullmedaljen tre timar seinare.
1957-60 Midtsommars i 1957 forbetra Larsen sin eigen norske 5 000-m-rekord til 14.03,8 på Bislett. Under NM kom han i hinderløpet i mål på 8.50,6 og vart tildelt kongepokalen.
Ernst Larsen sette 14 norske rekordar; elleve på 3 000 m hinder og tre på 5 000 m. Han la opp i 1960.
Medaljar i norske og internasjonale meisterskap 1950: NM-sølv både på 5 000 m og 3 000 m hinder 1951: NM-gull på 3 000 m hinder 1953: NM-sølv på 3 000 m hinder og bronse på 5 000 m 1954: EM-bronse på 3 000 m hinder 1955: NM-gull både på 5 000 m og 3 000 m hinder 1956: OL-bronse og NM-gull på 3 000 m hinder 1957: NM-gull på 3 000 m hinder 1958: NM-gull både på 5 000 m og 10 000 m 1959: NM-gull på 3 000 m hinder
Kjelder P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, Oslo 1957 Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Ernst Larsen» frå , den 30. august 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Folk frå Trondheim