Germencik er ein by og eit distrikt i provinsen Aydın i Egearregionen i Tyrkia. Byar i 13 000 innbyggjarar.

Germencik ligg midt på den fruktbare sletta til Büyük Menderes, litt innanfor kystbyen Kuşadası langs hovudvegen mellom Aydın og İzmir, 25 km frå Aydın.

Fram til 1950-åra var sletta eit myraktig område som ofte vart utsett for flaum, og Germencik voks då folk flytta bort frå dei flaumutsette områda og inn i byen. Hovudnæringa er jordbruk, hovudsakleg dyrking av fiken og oliven, men òg bomull, sesam og andre avlingar vert dyrka her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Germencik» frå , den 31. august 2012.

Kategori:Busetnader i provinsen Aydın Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Arkeologiske stader i Tyrkia