Det europeiske friidrettsforbundet eller EAA (frå engelsk: European Athletic Association) er den øvste styrande organisasjonen for europeisk friidrett. Forbundet har 50 nasjonale medlemsforbund, blant dei er Norges Friidrettsforbund. EAA er i sin tur medlemsorganisasjon i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). Hovudkontoret til EAA ligg i Lausanne og noverande president er Dobromir Karamarinov, som tok over etter avdøde Svein Arne Hansen.

Historie

Under eit møte i IAAF i 1932 vart det sett ned ein eigen komité som skulle evaluera organiseringa av Europameisterskapa. 24. september 1933 under eit styremøte i IAAF Council vart Den europeiske komitéen skipa med Szilard Stankovits som president. Det fyrste møtet i Den europeiske komitéen vart halde i Budapest 7. januar 1934. Komitémedlemmane vart valde frå medlemane i IAAF fram til 1966. Samtidig blei komitéoppgåvene utvida til å gjelda fleire meisterskap.

1. november 1969 blei Forbundet av europeiske medlemmer av IAAF konstituert. Forbundsstatuttane blei godkjende av den fyrste EAA-kongressen i Paris 7. november 1970. Sidan den gongen har forbundet vore kjend som European Athletic Association.

Presidentar

Adriaan Paulen, Nederland, (1969-1976) Arthur Gold, Storbritannia, (1976-1987) Carl-Olaf Homen, Finland, (1987-1999) Hansjörg Wirz, Sveits, (1999-2015) Svein Arne Hansen, Noreg (2015-2020) Dobromir Karamarinov, Bulgaria (2020-)

Meisterskap

EAA arrangerer både meisterskap og cupar i friidrett. Her er ei oversikt over meisterskapa til EAA:

EM i friidrett EM i friidrett innandørs U23-EM i friidrett Junior-EM i friidrett EM i terrengløp EM i motbakkeløp

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det europeiske friidrettsforbundet» frå , den 2. september 2012. Meisterskapsoversikta er henta frå om EAA, 2. september 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1932 Kategori:Sportsorganisasjonar Kategori:Europeiske organisasjonar Kategori:Friidrett