Krementsjukreservoaret (ukrainsk Кременчуцьке водосховище, Kremenchuts’ke Vodoskhovysjtsje) er det største reservoaret i Dnepr. Det er kalla opp etter byen Krementsjuk, og dekkjer i alt i Poltava, Tsjerkasy og Kirovohrad oblast i det sentrale Ukraina. Reservoaret vart skapt i 1959 då Krementsjuk vasskraftverk vart bygd.
Reservoaret er 149 km langt, 28 km breitt og hare i middeldjupne på seks meter. I alt inneheld reservoaret 13,5 km³ vatn. Dei største byane ved reservoaret er Tsjerkasy og Svitlovodsk. Sula-elva munnar ut i reservoaret og dannar eit delta med mange øyar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kremenchuk Reservoir» frå , den 2. september 2012.
Kategori:Dnepr Kategori:Reservoar bygde i Sovjetunionen Kategori:Reservoar i Ukraina Kategori:Tsjerkasy oblast