Sørlege Bug, òg kalla Sørlege Buh, (ukrainsk Південний Буг, Pivdennyj Buh: russisk Juzjnij Bug, polsk Boh), er ei elv i Ukraina. Kjelda hennar ligg vest i Ukraina, i Volyn-Podillia-høglandet, kring 145 km frå den polske grensa. Frå her renn ho søraustover til Bugestuaret ved Svartehavet gjennom dei sørlege slettene. Ho er 806 km lang og drenerer eit område på 63 700 km².

Av store byar langs Sørlege Bug finn ein Khmelnytskyj, Vinnytsija, Pervomaisk og Mykolaiv.

Herodotos nemnde elva som Hypanis.The Histories, Herodotus s. 165 Under folkevandringstida var Sørlege Buh ei viktig hindring for alle vandrande folk.

Elva er farbar mange kilometer oppover frå munningen og det ligg fleire elvenamner ved elva, som Voznesensk.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Søndre Buh rafting

Kategori:Nedslagsfelt for Svartehavet Kategori:Elvar i Ukraina