Kolbotn er ein tettbygd stad i Nordre Follo kommune i Oppegård i Viken. Han var administrasjonssentrum i tidlegare Oppegård kommune. Kolbotn ligg like ved Kolbotn stasjon på Østfoldbanen, 13 kilometer sør for Oslo sentrum. Kolbotn er ein del den samanhengande busetnaden sørover frå Oslo til Langhus i Ski kommune.
Namnet «Kolbotn» kjem frå eit gardsnamn, norrønt Kolabotn og seinare Kullebund, som har samanheng med at det vart brunne trekol her tidlegare.
Kolbotn stasjon på Østfoldbanen opna i 1895. Deretter vart det bygd ei rekkje bustader og sentrumsbygg her.
mini|venstre|Kolbotn kyrkje
På Fløysbonn i aust og Mastemyr i vest er det ein del næringsverksemd, har mellom anna husa Kodak, Volvo Norge og hovudkontoret til IBM Norge på grensa til Oslo i nord.
Kolbotn kyrkje er ei steinkyrkje i mellomalderstil som blei bygd i 1932. Pinsekirken Kolbotn blei stifta i 1933 som ein kyrkjelyd tilslutta den norske pinserørsla.
Kjelder
Kategori:Geografi i Nordre Follo