Mick Pointer () er ein engelsk trommeslager som er kjend som originalmedlem av Marillion, som han var med å starte i 1979, og som medlem i progressiv rock-bandet Arena, som han starta i 1995.
Pointer medverka på debutalbumet til Marillion, Script for a Jester's Tear, før han slutta i bandet i 1983. Han har òg spelt fleire konsertar under namnet Mick Pointer's Marillion, der Pointer er einaste medlem med tilknyting til Marillion. Bandet spelte mellom anna heile albumet Script for a Jester's Tear i 2008 for å markere 25-årsjubileet til albumet. Dette bandet heldt fram å turnere i Europa i 2009 og 2010 med det dei kalla Script for a Jester' Tour.
Diskografi Med Marillion 1983 Script for a Jester's Tear Med Arena sjå Arena sin diskografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mick Pointer» frå , den 10. september 2012.
Bakgrunnsstoff Arenas offisielle nettsted
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Marillion-medlemmar Kategori:Folk frå Buckinghamshire