Clutching at Straws er det fjerde studioalbumet av det neo-progressive rockebandet Marillion, og er eit konseptalbum. Det kom ut i 1987 og var det siste albumet deira med frontmann Fish, som forlet bandet i 1988. Sjølv om det ikkje selde like godt som føregjengaren frå 1985, Misplaced Childhood, låg Clutching at Straws 15 veker på den britiske albumlista og nådde andreplassen på lista. Albumet vert av tilhengjarane rekna som det beste av albuma til bandet med Fish som frontmann, og av Fish sjølv.

I 1999 vart ei dobbelutgåve av albumet gjeve ut med B-sider og demoar på den andre plata.

Innhald

Medverkande Fish – vokal Steve Rothery - gitarar Mark Kelly - tangentinstrument Pete Trewavas - bass Ian Mosley - trommer

Tessa Niles - korvokal på «That Time Of The Night» og «The Last Straw» Chris Kimsey (omtalt som «Christopher 'Robbin' Kimsey») - korvokal på «Incommunicado» John Cavanaugh - «Dr. Finlay»-stemme på «Torch Song»

Listeplasseringar Album ÅrListePlassering1987UK Album Chart21987Austerrike161987Noreg41987Sverige91987Sveits3

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Clutching at Straws» frå , den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Marillion-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Konseptalbum Kategori:album produserte av Chris Kimsey