«Kayleigh» er ein song av det britiske neo-progressive rockebandet Marillion frå 1985. Songen nådde andre plassen på den britiske singellista. Han er den mest suksessrike singelen til bandet og nådde òg Topp 10 i Irland, Noreg og Frankrike. «Kayleigh» er den einaste songen til bandet som gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA og nådde ein 74. plass der i 1986.
Songen vart mykje spelt på radio i Storbritannia og bandet framførte songen på fjernsynsprogram som Wogan og Top of the Pops. Songen er òg med i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiokanalen Vice CIty FM og i filmen Late Night Shopping.
Musikkvideoen vart spelt inn i Berlin, der albumet Misplaced Childhood, som songen er henta frå, vart spelt inn. I videoen kan ein sjå Tamara Nowy, ei tysk kvinne som sidan gifta seg med songaren Fish, og Robert Mead, guten ein kan sjå på album- og singelomslaget.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kayleigh» frå , den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Musikkvideo på YouTube Konsertopptak frå 1987 på YouTube
Kategori:Marillion-songar Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Rockeballadar