Fly by Night er det andre studioalbumet utgjeve av det kanadiske progressive rockebandet Rush og vart utgjeve i 1975. Albumet vart spelt inn på Toronto Sound Studio.
Dette var det første albumet der Neil Peart var med som trommeslagar. I tillegg til å ta på seg jobben som trommeslagar vart han òg bandet sin tekstforfattar. Peart leia bandet inn i ein stil med tekster som blant anna omhandla litteratur. Døme på dette er «By-Tor & the Snow Dog» og «Rivendell». Sistnemnde omhandlar ein stad skildra i J.R.R. Tolkien-bøkene Hobbiten og Ringdrotten. Det første sporet på albumet, «Anthem», er inspirert av tekster av den amerikanske filosofen og forfattarinna Ayn Render. Songane «Fly by Night» og «Making Memories» skal visstnok handle om bandet sine opplevingar under den første turneen deira.
Fly by Night vart det første albumet med Terry Brown som produsent.
Innhald Side ein
Side to
Medverkande Geddy Lee – bass, klassisk gitar, vokal Alex Lifeson – akustisk og elektrisk gitar Neil Peart – trommer og perkusjon
Lister LandListePlasseringUSABillboard 200113
Salstrofé LandOrganisasjonSalUSARIAAPlatina (1 000 000)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fly by Night (album)» frå , og «Fly by Night» frå den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:album produserte av Terry Brown