A Farewell to Kings er det femte studioalbumet til det kanadiske rockebandet Rush, og kom ut i 1977. Albumet vart spelt inn i Rockfield Studios i Wales, og miksa i Advision Studios i London.

A Farewell to Kings vart det første albumet til Rush som selde til gullplate i USA, to månader etter det kom ut, og selde etter kvart òg til platinaplate.

Geddy Lee skreiv opphavleg basslinjene sine på ein akustisk bass. Fuglane ein kan høyre på «A Farewell to Kings» og «Xanadu» vart spelte inn utanfor Rockfield Studios.

Teksten til songen «Xanadu» var inspirert av det 56 linjer lange diktet «Kubla Khan» skriven av Samuel Taylor Coleridge i 1797. Gruppa arbeidde lenge med denne songen for å leggje til alle instrumenta som var naudsynt for å gjere songen komplett. Songen er eit av få tilfelle der Lee spelar rytmegitar.

«Closer to the Heart» er ein av dei mest populære songane til Rush. Denne vart òg ein radiohit då han kom ut. Songen har nesten alltid vore ein del av spelelistene til Rush frå han vart laga og fram til før Vapor Trails- og 30-årsjubileumsturneane.

Den siste songen på plata, «Cygnus X-1», omhandlar ei oppdikta romreise til «Cygnus X-1». Inspirasjonen til songen var henta frå observasjonen av ein røntgenkjelde frå stjernebiletet Cygnus. Cygnus X-1 vart oppdaga tidleg på 1970-talet av den kanadiske vitskapsmannen Tom Bolton, og blir rekna å vere ein av dei største kandidatane til å bli klassifisert som eit svart hol.

Innhald

Mottaking I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock hamna albumet på sjetteplassen på lista over "40 Cosmic Rock Albums".Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.

Medverkande Geddy Lee – vokal, bassgitar, 12-strengsgitar, Mini-Moog og basspedal-synthesizer Alex Lifeson – elektrisk, akustisk og klassisk gitars basspedal-synthesizer Neil Peart – trommer og perkusjon Terry Brown – talt intro på "Cygnus X-1"

Lister ListePlasseringBillboard's Pop Albums (1997) 33

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 13. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Progressive rockealbum Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:album produserte av Terry Brown