«Tom Sawyer» er ein song av det kanadiske rockebandet Rush, kalla opp etter rollefiguren til Mark Twain. Songen vart gjeven ut av Mercury Records og PolyGram i 1981 på Moving Pictures og fleire samlealbum i ettertid. Han finst òg på mange konsertalbum.
Musikken er tungt basert på synthesizeren til Geddy Lee og trommene til Neil Peart. Geddy Lee har kalla songen «det definitive musikkstykket frå det tidlege 80-talet».Rush Press Conference in Puerto Rico, april 9, 2008 Det er ein av dei mest kjende songane til Rush og vert ofte spelt på classic rock-radio. Han nådde 25. plass på singellista i Storbritannia i oktober 1981UK Charts 1981 , accessed juli 17, 2008 og 44. plass i USA. I 2009 vart han kåra til den 19. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.
«Tom Sawyer» byrjar i 4/4-takt og byter til 7/8-takt og 13/16 takt i instrumentaldelen, før han går attende til 4/4 og så til 7/8 att mot slutten.
I populærkultur I film Fanboys (òg med «Limelight») Rob Zombie sin HalloweenHalloween Soundtrack on Amazon I Love You, Man (som òg har med «Limelight») Small Soldiers Adam Sandler sin The WaterboyThe Waterboy Soundtrack on Amazon Ari Gold sin Adventures of Powerhttp://andrewolson.com/Neil_Peart/adventures_of_power/interview.htm
I fjernsyn Chuck,Chuck Soundtrack on IMDb Bandet framførte songen på The Colbert Report i juli 2008, den første framføringa deira på amerikansk TV på 33 år.Rush to Perform for the First Time on U.S. Television in Over 30 Years on 'The Colbert Report', PR Newswire Everybody Hates Chris Family Guy Freaks and Geeks Fringe Futurama The Hard Times of RJ Berger Denne songen erstatta den originale kjenningsmelodien til MacGyver i den originale kringkastinga i Brasil.Rush in television Power Windows Website Accessed juli 18, 2008 Regular Show The Sopranos Trailer Park Boys
Andre versjonar Songen er òg vorte spelt av artistar som The Aquabats, The Bad Plus, Barenaked Ladies, Deadsy, The Lost Fingers, Mindless Self Indulgence, Rage, Run for Cover, Sebastian Bach
Songen vart sampla av Young Black Teenagers i 1994 på deira «Time To Make The Dough Nutz»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tom Sawyer (song)» frå , den 13. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Rush-songar Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers