Celeste Holm () var ein amerikansk skodespelar med norske røter.
Holm var einebarn. Mor hennar, Jean Parke, var ein amerikanske portrettmålar og forfattar. Faren var Theodor Holm, ein forsikringsmann som voks opp på Hå gamle prestegard på Jæren, men som i ung alder emigrerte til USA og seinare utførte arbeid for Lloyd's of London. Holm gjekk på skule i Nederland, Frankrike og USA, og tok song- og ballettimar som barn. Ho studerte drama ved University of Chicago og debuterte på scena som 17-åring. Holm debuterte på Broadway i 1938 og hadde stor suksess i 1942 med rolla som Ado Annie i musikalen Oklahoma!. Ho debuterte på film i 1946, og året etter vann ho Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si som Anne i filmen Mellom gentlemenn. Holm har vorte Oscar-nominert tre gonger og har også opptredd på TV, scene og nattklubbar. Ho engasjerte seg for sosial rettferd i mange år som talskvinne for UNICEF.
Holm har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame. I 1979 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for å ha fremja norsk kultur i USA.«Ridder av St. Olav», Aftenposten, morgonutgåva, 21. mai 1979, s. 10.
Personleg liv
Celeste Holm var gift fem gonger. Den første ektemannen hennar var Ralph Nelson, som ho gifta seg med i 1936.Celeste Holm profile at www.superiorpics.com Sonen deira Ted Nelson (f. 1937), blei oppseda av foreldra hennar og blei seinare ein internettpironer og sosiolog. Ekeskapet enda i 1939.
7. januar 1940 gifta Holm seg med Francis Emerson Harding Davies, ein engelsk revisor. Davies var katolikk, og Holm gjekk over til trua før giftarmålet. Ekteskapet blei oppløyst 8. mai 1945.Holm profile at www.superiorpics.com
Frå 1946 til 1952 var Holm gift med A. Schuyler Dunning som dreiv med flyselskap-PR. Dei fekk sonen Daniel Dunning.
Frå 1961 til 1996 var ho gift med skodespelaren Wesley Addy. Han døydde i 1996, 83 år gammal.
Celeste Holm gifta seg for femte gong på 87-årsdagen sin med den 41-årige operasongaren Frank Basile. Paret hadde møtt kvarandre i oktober 1999 på ei velgjerartilstelling.
Filmar (Utval)
1947 – Mellom gentlemenn 1950 – Alt om Eva 1956 – Fint folk flørter
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Celeste Holm» frå , den 15. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Celeste Holm hos Internet Broadway Database 28766 Celeste Holm hos TCM Celeste Holm hos Rotten Tomatoes
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå New York City