Walk Into Light er det første soloalbumet til frontmannen i Jethro Tull, Ian Anderson, utgjeve i 1983.

Albumet A var opphavleg meint som eit soloalbum av Anderson, men plateselskapet ynskte heller at det skulle gjevast ut som eit Jethro Tull-album. Anderson får mykje hjelp av klaverspelaren i Jethro Tull på denne tida, Peter-John Vettese, på dette albumet, og trass i at det er eit soloalbum er dette albumet faktisk eit av dei mest samarbeidsprega Anderson har gjeve ut. Vettese var medlåtskrivar på fem songar og hadde ein sterk påverknad på stilen og lydbiletet på albumet.

Den repeterande melodien på opningssporet, «Fly By Night», vart seinare nytta som hovudelementet i den originale kjenningsmelodien til TV-serien All Saints i 1983, utan at Anderson vart kreditert for det.

I følgje Allmusic var det vanskeleg å høyre skilnad mellom dette albumet og Jethro Tull-albuma som kom ut i 1980-åra.

Innhald

Medverkande Ian Anderson – vokal, fløyte, gitar, bass, klaverinstrument Peter-John Vettese – klaverinstrument

Bakgrunnsstoff

Cup Of Wonder Progressive Archives

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walk into Light» frå , den 19. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ian Anderson-album Kategori:Debutalbum frå 1983 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:album produserte av Ian Anderson