Foxtrot er det fjerde studioalbumet av det engelske progressiv rock-bandet Genesis, gjeve ut i oktober 1972 på Charisma Records. Det inneheld den lengste songen dei spelte inn, den 23 minuttar lange «Supper's Ready».
Albumet vart spelt inn under turneen for det førre albumet deira, Nursery Cryme (1971), då dei vart stadig meir populære, mellom anna med ein godt motteken konsert på Lincoln Great Western Festival. Albumet vart skriven i løpet av sommaren 1972 og bestod av songar dei alt hadde spelt på konsertane sine med nye songar som vart utarbeidd i jammar. Innspelinga byrja i august med John Anthony som produsent, men innspelinga var prega av krangling. Etter ein kort turné i Italia, fortsette innspelingane med Dave Hitchcock som produsent. Plateomslaget var det siste Genesis-albumet designa av Paul Whitehead, der ein rev har på seg ein raud kjole. Frontmannen Peter Gabriel hadde på seg kjole og ei revemaske på den påfølgjande turneen, noko som gav bandet mykje merksemd i pressa.
Foxtrot var det første Genesis-albumet som gjekk inn på albumlista i Storbritannia, og nådde 12. plassen til stort sett positiv kritikk. Ein singel som ikkje var med på albumet, «Happy The Man», kom ut på same tida. Albumet har sidan hatt høg status hos kritikarane og kom i ein ny stereo- og 5.1-kringlydmiks som ein del av plateboksen Genesis 1970–1975 i 2008.
Bakgrunn Mot slutten av 1971 bestod Genesis av frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten og gitaristen Mike Rutherford, gitaristen Steve Hackett og trommeslagaren Phil Collins. Dei hadde spelt kring 400 konsertar i Storbritannia, men enno ikkje slått gjennom kommersielt. Men dei hadde byrja å bli populære i utlandet. Albumet deira Trespass hadde i 1970 gått til topps i Belgia, medan Nursery Cryme frå 1971 nådde fjerdeplassen i Italia. Då Genesis spelte konsertar i Italia i april 1971 var det føre store publikum.
Turneen var over i mai då Genesis spelte på Great Western Festival i Lincoln. Gabriel hadde på seg ein juvelbesatt, egyptisk krage, svart sminke rundt augo, og hadde barbert den fremre delen av hovudet, noko som skapte merksemd i pressa. Då dei kom heim att valde bandet å bruke tid på å skrive og øve in nye songar for eit nytt studioalbum. Hackett vurderte å slutte i bandet då han var «heilt utkøyrt» frå den lange turneen, men bandet overtalte han om å bli og forsikra han om at dei likte spelinga hans.
Produksjon
Innspeling
Dei første øvingane fann stad i eit øvingslokale i Blackheath i London før dei flytta til kjellaren i Una Billings School of Dance i Shepherd's Bush. Noko av materialet til Hackett som vart nytta på det første soloalbumet hans, Voyage of the Acolyte, vart i røynda øvd inn av bandet under Foxtrot-innspelinga, men ikkje utvikla vidare. Materialet som vart «Watcher of the Skies» og «Can-Utility and the Coastliners» vart spelte på konsertane deira før innspelinga av Foxtrot byrja.
Genesis spelte inn Foxtrot i august og september 1972 i London i Island Studios. Dei var sett opp til å spele med produsenten John Anthony, som hadde arbeidd med dei på den nye songen «Happy the Man» tidlegare på året, men utgiftene auka stadig på då albumet tok si tid å spele inn, og dette førte til usemje mellom Anthony og Charisma Records, selskapet til gruppa, så dei såg seg om etter ein ny produsent. Banks hugsa at Charisma ville at gruppa skulle lage ein hit. Det første valet til gruppa som ny produsent var Bob Potter, som hadde arbeidd med Lindisfarne, som òg var på Charisma, med Bob Johnston som lydteknikar. Bandet kom ikkje overeins med Potter, då han mislikte musikken deira. Han samanlikna Mellotron-opninga til Banks på «Watcher of the Skies» til filmmusikken til filmen 2001: A Space Odyssey og meinte songen var betre utan. På denne tida avslutta bandet dei uproduktive innspelingane og drog til Italia på turné i august 1972, ør dei fortsette arbeidet på albumet månaden etter. Gruppa prøvde seg med Tony Platt som produsent, men dei passa ikkje i lag og dei gav det opp. Genesis slo seg så til ro med produsenten Dave Hitchcock og John Burns som lydteknikar, og dei kom til å arbeide med Genesis på dei neste tre albuma deira. Banks meinte at Hitchcock ikkje var det beste alternativet for jobben og var usamd med han om korleis albumet skulle høyrast ut.
Under innspelinga av albumet spelte Genesis inn konsertfavoritten «Twilight Alehouse», som var blitt framført med det opphavlege medlemmet og gitaristen Anthony Phillips i bandet. Han kom ikkje ut før kom ut som ein avgrensa singel med magasinet ZigZag og via fanklubben til bandet i 1973. Eit stykke laga av Rutherford og øvd inn av bandet i 3/4-takt vart heller ikkje brukt, men vart tilpassa av Hackett til «Shadow of the Hierophant» på Voyage of the Acolyte. Gruppa prøvde seg på eit tidleg opptak av Banks-songen «Firth of Fifth», men klarte ikkje då å inspirere bandet godt nok. Banks arbeide på stykket året etter og han kom med på det neste albumet, Selling England by the Pound. Då Charisma-eigaren Tony Stratton-Smith høyrde albumet første gongen etter det var ferdig, sa han til venen og scenearbeidaren til bandet, Richard Macphail: «Dette er plata som kjem til å gjere karrieren deira». Stratton-Smith sa: «Eg måtte tørke ei tåre. Alt som eg hadde tru på i bandet hadde kome fram». Banks var særskild nøgd med Foxtrot som han meinte ikkje hadde eit einaste svakt spor.
Songar Side ein mini|Peter Gabriel syng «Watcher of the Skies» på scenen. «Watcher of the Skies» har henta tittelen frå ei linje i sonnetten On First Looking into Chapman's Homer av John Keats frå 1817. Songen byrjar med ein solo spelt på ein Mellotron, som bandet hadde fått kjøpt av King Crimson. Banks «leitte etter akkordar som faktisk høyrdest bra ut... fordi det var problem med å få instrumentet stemt» og slo seg til ro med dei to opningsakkordane «som høyrdest flott ut ... Dei var så atmosfæriske». Banks og Rutherford skreiv musikken under øvingane til bandet for ein konsert i Palasaport i Reggio Emilia i april 1972 under den første turneen deira i Italia. Tekstane vart skriven i Napoli veka etter. Dei lurte på korleis ei tom jord ville ha sett ut om eit romvesen hadde vitja. Banks skildra teksten som «ein slags sci-fi fantasy» laust basert på romanen Childhood's End (1953) av Arthur C. Clarke og Watcher-rasen i Marvel Comics. Rutherford meinte dei var «interessante ord, men dei var ikkje gode å syngje». Collins meinte at songen trengde «nokre vanskelege arrangement» i rytmen etter å ha sett ein konsert med Yes.
«Time Table» har eit romantisk tema som lengtar etter tradisjon, sømmelegheit og ei tid der kongar og dronningar er forviste av krig og konflikt. Songen var skriven av Banks, som presenterte songen som eit komplett stykke og fekk bandet til å framføre han. Chris Welch i Melody Maker skildra songen som ei lysare avløysing og ein «dempa, men gripande popsong» etter den «hamrande spaninga» i «Watcher of the Skies». Gabriel-biografen Daryl Easlea meinte songen var ein av dei mest oversedde frå Gabriel-tida i bandet med ein «melodisk og rørande» smak og ein likskap til Genesis-songar seinare i 1970-åra.
mini|venstre|«Get 'Em Out by Friday» omfatta å flytte leigebuarar frå London til Harlow New Town. «Get 'Em Out by Friday» er ein song skildra som ein «komisk opera» som Gabriel skildra som «dels samfunnskommentar, dels profetisk». Han var dels inspirert av problema Gabriel hadde med sin eigen vert i leilegheita si i Campden Hill Road, og ein fjernsynsdokumentar han hadde sett om bustadbygging i bydelen Islington. Liknande som «Harold the Barrel» og «The Fountain of Salmacis» frå Nursery Cryme, har songen forskjellige karakterar som Gabriel representerte med forskjellige vokalstilar for kvar av dei. Songen har fire roller: John Pebble, ein forretningsmann i Styx Enterprises; Mark Hall (eller The Winkler), ein tilsett i Styx som kastar ut leigebuarar; Mrs. Barrow, ein leigebuar i eit hus eigd av Pebble, og Joe Ordinary, ein kunde på ein pub. Songen byrjar med at Hall informerer Mrs. Barrow om at eigedomen hennar har blitt kjøpt opp og at ho skal kastast ut, men ho nektar å dra, og Pebble aukar husleiga hennar. Hall gjev så eit tilbod til Mrs. Barrow på 400 pund for å flytte til ein ny eigedom i Harlow New Town, som ho gjer, før Pebble igjen hevar husleiga hennar. Etter ein instrumentaldel er datoen 18. september 2012 og Genetic Control annonserer i eit innringingsprogram på TV at dei har planar om å korte høgda på alle menneske ned til fire fot. Joe meiner dette kjem av at bygningane då vil kunne huse dobbelt så mange folk.. Rutherford og Collins meinte at «Get 'Em Out by Friday» var ein av dei tidlege Genesis-songane som leid av særs mykje tekst frå Gabriel, noko som gjorde sporet travelt og overfylt. Collins meinte dette kom av at bandet som regel skreiv og spelte inn musikken og det instrumentale først, fø dei skreiv tekst og spelte inn vokalen etterpå. Uansett meinte Rutherford at teksten var blant dei beste Gabriel skreiv.
«Can-Utility and the Coastliners» var ein av dei første songane skrivne for albumet, og vart framført under ein italiensk turné. Han er basert på kong Knut og korleis han ikkje klarte å halde tidvatnet borte. Welch meinte at songen i røynda kan handle om korleis Gabriel var byrja å bli klar over rolla si som songar og den smigrande fansen hans.
Side to Side to byrjar med «Horizons», ein kort gitarinstrumental framført av Hackett og spelt inn i løpet av den korte tida då Potter var produsent. Han vart skriven i løpet av eit år, og henta inspirasjon frå preludiet til Suite nr. 1 i G-dur, BWV 1007 for cello av Bach. Han la stykket fram for gruppa under ei øving på ein elektrisk gitar, sjølv om han hadde skrive det på ein akustisk gitar. Trass i at han var nervøs då han spelte gjennom, tenkte han først at bandet kom til å avvise stykket. Hackett hugsa at Collins sa det burde vere applaus lagt til mot slutten av stykket, og vart overraska då bandet gjekk med på å ta det med på albumet. Hackett skreiv det med engelske komponistar frå tudortida i tankane, mellom andre William Byrd, som ofte komponerte særs korte stykke, og eit stykke av Julian Bream. Han sa at folk ofte feilaktig mistolka «Horizons» som opninga på «Supper's Ready», men det plaga han ikkje.