mini|Bak frå venstre; Jakob Anderegg, M.J. Moore, Lucy Walker, Melchior Anderegg. Midtrekka frå venstre; frk Hughes, Horace Walker, fru Walker, Adolphus Moore. Fremst sit Francis Walker og Johann Jaun
Horace Walker () var ein engelsk fjellklatrar som gjorde fleire oppsiktsvekkande fyrstebestigingar, mellom desse av Grandes Jorasses og Elbrus.
Walker var son til lerhandlaren Francis Walker (1808–1872) i Liverpool. Faren var ein ivrig fjellklatrar, og både sonen Horace og dottera Lucy Walker (1836–1916) dreiv med klatring. I 1864 var alle tre med då toppen av Balmhorn vart nådd for fyrste gong.
Fire år seinare stod Horace Walker for fyrstebestiginga av Grandes Jorasses, saman med tre fjellførarar. Til minne om hendinga har høgste toppen på fjellet fått namnet Pointe Walker (4 208 moh); herav Walker Spur, den best kjende fjellpillaren i nordveggen som er ein av Dei store nordveggane i Alpane.
I 1874 var Walker med då den høgste fjelltoppen i Europa, Elbrus i Kaukasus, vart kliven for alle fyrste gong.
Walker var formann for Alpine Club i tida 1891-93.
Fyrstebestigingar mini|300px|Grandes Jorasses med Pointe Walker til høgre Barre des Écrins - 25. juni 1864, saman med Adolphus Moore, Edward Whymper, Christian Almer den eldre og Christian Almer den yngre, Michel Croz Balmhorn - 21. juli 1864, saman med Frank Walker, Lucy Walker og fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg Piz Roseg - 28. juni 1865, saman med Adolphus Moore og Jakob Anderegg Ober Gabelhorn - 6. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Jakob Anderegg Pigne d'Arolla - 9. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Jakob Anderegg Brenva Spur på Mont Blanc - 15. juli 1865, saman med George S. Mathews, Adolphus Moore, Francis Walker og Jakob Anderegg og Melchior Anderegg Grandes Jorasses - 30. juni 1868, saman med fjellførarane Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange Elbrus - 1874, saman med Florence Grove, Frederick Gardner, Peter Knubel og fjellføraren Ahiya Sottajev
Notar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Horace Walker» frå , den 9. oktober 2012.
Kategori:Fjellklatrarar Kategori:Britiske fjellklatrarar