Ole Krabbe () var ein norsk offiser fødd i Biri.Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, digital utgåve side 506 Han var son av major Frederick Christian von Krabbe og Ingeborg Grosens.

Krabbe vart offiser i 1774, og oberstløytnant i 2. Trondhjemske Infanteriregiment i 1814, oberst 1818-1826.

Han vart innvald til det overordentlege stortinget i 1814 der han representerte Søndre Trondhjems amt.

Krabbe var ein del av den norske grenen av den danske adelsslekta Krabbe af Damsgård.Krabbe af Damsgård frå Store norske leksikon

Han var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.

Kjelder

Kategori:Norske offiserar Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Folk frå Gjøvik